Tuesday, March 1, 2011

Kontraktsrett vs. VM

vs.

Sliten etter alt eksamenskavet trakka eg opp til skulen på mandag i god tru om at eg kunne ta meg ein velfortjent fridag når klokka blei 12.00. Eg var mentalt forberedt på at sidan det var nytt fag på tapetet skulle eg ha dobbeltime med kontraktsrett, og tenkte at fire timar i strekk; det kan eg klare.

Det viste seg at ting var ikkje slik eg trudde dei skulle vere. Klokka ti byrja folk å pakke sakene sine og bevegde seg mot lesesalane. Eg hadde, som ganske mange gangar før, gløymt å studere planen nøye nok. Skuledagen skulle ikkje vere ferdig klokka 12.00, men 15.00! Dette satte jo ein stopper for alle planane eg hadde gjort for dagen.

Likevel gjekk dagen overraskande fort. Den nye professoren vår viste seg å vera av den gode sorten, som både var koseleg og flink, men stjerne i margen hadde han ikkje oppnådd heilt endo. Det forandra seg fort då han plutseleg etter pausen meddelte at vi kom til å ha 30-40-50 minuttars pause i forelesninga for å sjå på VM på storskjerm. Og VM blei det.

Fytti, eg har aldri sett VM før eg, men det burde eg verkeleg ha gjort. Det var så UTRULEG spanande at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Heile salen, med over 300 studentar, levde seg inn, og jubelen braut laus då Bjørgen vann med berre nokre sekund. Ein slik lykkerus over at andre har prestert noko idrettsleg har eg aldri kjent før. Det var gøy det.

Etterpå fortsatte forelesningen som vanleg, og eg var framleis levande og nøgd, sjølv om klokka var nærare 15.00 enn 12.00 . Kontraktsrett viste seg å vere veldig spanande, og når vi har ein forelesar som veit å prioritere, vert det enda betre. Giertsen er ein bra kar!

Interessert i politikk, menneskeverd og sånn?

Då har mamma bloggen for deg. Ho er ordførarkandidat i Kvinnherad Kommune og samstundes 100 % ufør.

: Trykk på biletet så kjem du til bloggen Ut av uføre(t)

Thursday, February 10, 2011

Living my life without you!


Oh yeah! I kveld skal eg, Malene og MJ på Vågen fetevare for å jamme med sjølvsaste Stig Van Eijk. It's a dream come true! Hurra.

Nytt år, nye moglegheiter


Heilt ut i frå det blå byrja eg i går og lese gjennom dei gamle blogginnlegga mine frå min aktive bloggeperiode på vidaregåande.

Når eg las gjennom tankane mine frå mine glansdagar på Framnes så slo det meg at det er utruleg artig å ha noko skriftleg å sjå tilbake på. Tenk, når eg er femti år, kor kjekt det er å sjå tilbake på kor naivt og barnleg syn eg hadde på ting.

Eg trur eigentleg Elisabet 20 år har fått eit litt breiare perspektiv på ting enn det eg hadde som 16, 17 og 18 åring. Likevel er det mykje eg ikkje veit endo, og eg lev litt i ei rosa boble der eg ikkje trur noko gale kan skje. Kva er vel farleg med å haike liksom? Alle er jo SÅ snille! - så ja, litt naiv er eg framleis. Men eg trivest sånn.

Poenget er hvertfall at eg har litt lyst til å byrje å blogge igjen, sånn for min eigen skuld. Blogging på folkehøgskulen var jo absolutt umogleg, der hadde eg jo nesten ikkje tid til å sjekke facebook ein gong, og det seier sitt. Studentlivet, derimot, opnar meir for bloggetid. Så då trur eg at eg skal gjere det; skrible ned mine daglegdagse tankar, sånn for min eigen skuld.
Då gjer eg det.

Kva er vel eit blogginnlegg utan illustrasjonsfoto? Her prøvde eg hvertfall å gå på do på Skjærgårds i sommar, men neida, aldri skal ein få vera i fred!

Monday, October 11, 2010

MJ og Betti på haiketur til Sverige! Heile historien!

MJ og Betti på nye eventyr – haiketur til Sverige



Det heile byrja ein onsdag kveld då eg og Marijanne sat i stua og undra på kva artig helga skulle bringe. Etter eit år på Gale og Globale har rastlaushet og reiselyst blitt eit evig syndrom, så når det kom forslag om haiketur til Sverige gira me oss fort opp og ville reise. Uvisst om me eigentleg hadde planlagt at me skulle reise eller ikkje gjekk me rundt og fortalte folk at me skulle på haiketur til Sverige; og dermed blei det sånn.

Fredag 08.Oktober klokka 15.30 var tannkosten, ullundertøyet, nistepakken og soveposen pakka, og MJ og Betti kunne rusle av gårde til busstoppen klare for nye eventyr. Sidan me begge faktisk hadde busskort tenkte me at me likegodt kunne ta bussen eit lite stykke sidan det ikkje kosta noko, og på grunn av at det er vanskeleg å haike på motorvegane. Første bussen gjekk til Åsane terminal, og der slutta også kartet vårt. Med OK minus kontroll på geografi trengte me litt hjelp for å finne ut kva veg vi måtte for å komme oss til Voss. Folk vart ivrige når dei høyrde kva målet vårt var, og forklarte hjelpsomt at me måtte komme oss mot Arna og deretter til Trengereid for å vere på rett veg. Det kom ein buss som det sto Arna på, men lite tenkte me over at det faktisk sto Ytre Arna, og dermed var me stuck på bussen i ein time på grunn av at den skulle innom altfor mange stadar før Arna. Men utålmodige og klare for haiking kom me endeleg fram til Arna der turen skulle starte på skikkeleg.

Omtrent etter å ha gått tjue meter frå den forgje bussen såg me ein buss som det sto Voss på. Det passa oss utmerka godt sidan det var den retninga vi skulle,så då sprang me bort for å prøve å overtale bussjåføren til å ta oss med. Han var ganske motvillig til å ta oss med sidan det var kun eg som hadde busskort som gjaldt over heile Hordaland, men til Trengereid kunne me hvertfall sitte på. Då vi kom til Trengereid sa eg at han måtte berre kaste oss ut når han ville, men då svara han ” Men skal ikkje de til Voss då?” . Hurra, to stk nøgde jenter hadde dermed skaffa seg skyss til Voss.

Voss sjarmerte oss med sitt gammaldagse preg og koselege gater. Me likar å tru at me sjarmerte Voss litt også. Hvertfall gav lokalbefolkninga oss haik. Så lokale var dei at dei berre skulle køyre 5 minuttar før dei var heime, så vips sto me ute i kulden med tommelen i vêret igjen. Men den kunne me raskt ta ned igjen då me fort fekk haik av nok ein Vossar. Han skulle ikkje lange stubben han heller, så dermed sto me ved Saue Camping medan mørket og kulda byrja å merkast på kroppen. Men skikkelig tak i oss fekk ikkje kulda ta, for køyrande kom eit koseleg ektepar frå Aurland som i sine dagar sjølv hadde stått haikande ved landevegen.

Etter å ha introdusert oss til Katzenjammer og prata mykje om laust og fast, satte det koselege ekteparet oss av rett før Lærdalstunellen. Kulden hadde byrja å setje inn, så me frykta at tommelen skulle fryse av der me stilte oss opp klar for haiking. Det trenge me derimot ikkje frykte, for køyrande kom ein danske frå Iran med fiskestang som kunne skysse oss til andre sida av tunellen hvertfall. Lærdalstunellen er for tida verdas lengste tunell, så dette tilbodet var ikkje berre berre.

På andre sida av Lærdalstunellen låg eit koseleg gatekjøkken. Me var litt usikre om me skulle stille oss langs vegen og satse på flaks, eller om me skulle ta turen innom gatekjøkkenet for å sjå om det sat nokon der som skulle til Oslo. Me bestemte oss for å sjekke ut gatekjøkkenet, og jaggu var me glad for det. Der sat det ein veldig hyggeleg trailersjåfør som skulle heile vegen til Oslo, og til vår store glede kunne me få sitje på. Dette var ekstra kjekt for meg og MJ som aldri hadde køyrd trailer før. Traileren var veldig koseleg, og det var bussjåføren også. Etter mykje prating med Nattønske på radioen i bakgrunnen måtte me stoppa på grunn av ei trafikkulykke. Det var ikkje like koseleg, men det såg ut som om det gjekk bra med bilisten som hadde køyrt rett inn i midtrabatten.

02.30 var me endeleg framme i Oslo; trøyte og småslitne. Sjåføren satte oss av i Sinsenkrysset der me skulle overnatte hos nokre kompisar av MJ. Overraskande nok fann me vegen til leiligheten deira med ein gong. I leiligheten sto det to senger klare for oss i stua og mat på kjøkkenet. Sidan me hadde regel om å ikkje bruke pengar på turen, var det veldig deilig å endeleg få litt mat i kroppen før me gjekk til sengs, nøgde med dagens utfall.

Klokka 09.00 ringte vekkarklokka, og Betti og MJ var klare for ein ny dag. Planen me hadde var å finne ein trailerpark og spørje om me kunne få sitje på til Sverige. Ifølge Google Maps skulle stasjonen deira vera ved Ikea på Furuset, og me prøvde iherdig å forstå gåruta som poppa opp på skjermen. Omtrent ein time sa Google Maps det skulle ta før me var framme. Vegbeskrivelsen var innvikla, men me gjorde likevel eit forsøk. Me fann fort ut at det ikkje var noko vits i å fylgje råda frå Google Maps, og spurte heller folk om vegen. Alle blei forskrekka over avstanden me tenkte å gå, og meinte me heller burde ta bussen. Men nei, pengar skulle ikkje brukast på denne turen, så me tok beina fatt og spaserte av garde. Etter ei stund merka me at det kanskje var litt langt å gå likevel og byrja å haike igjen. Vips så stoppa ein lastebil og køyrde oss heilt til Furuset. Men når me kom fram fann vi ut at trailerstasjonen ikkje var på Furuset, men på Økern. Det var på Økern lastebilen hadde plukka oss opp, så nå måtte han køyre oss tilbake igjen. Sjølv om det blei ein god omveg for sjåføren var han glad og nøgd, me fekk til og med kvar si banan som niste. Det gjorde godt.

På trailerstasjonen fekk me beskjed om at me måtte gå opp på kontoret for å snakke med sjefen sjølv om me kunne få haike med ein trailer til Sverige. På kontoret blei me møtt med blide fjes og nytrakta kaffi. Stemninga var god og me fekk snart beskjed om at me kunne få sitje på med nederlandske Case til Strømstad om me ville det. Ivrige som me var på å komme oss til Sverige takka me sjølvsagt ja, og vips så var skyss til Strømstad i boks.

Sjåføren var ein skalla mann med stor ølmage og tynne bein. Så når han gjekk vagga han at og fram,noko eg og MJ syns var litt artig. Grei var han også, så turen til Strømstad gjekk fint. Her sa me farvel til Case og tusla av garde for å handle litt godteri og sånn. Sjølv om me ikkje hadde lov til å bruke pengar på turen, var Sverige eit unntak. Her skulle me få lov til å unne oss litt, derfor tok me oss ein tur på restaurant og åt vårt første skikkeleg måltid på turen. Til vår store forskrekking var godteributikken stengt då me var ferdige å eta pizza, og dermed var det ikkje meir for oss i Strømstad. Ein snill politipensjonist frå Halden køyrde oss til Svinesund der me skulle prøve å finne haik med nokon som skulle eit stykke inn i Noreg. Han syns litt synd på oss fordi godteributikken var stengt og gav oss derfor ein twistpakke og ein smashpose. Me følte eigentleg ikkje me kunne ta i mot, men det verka som han hadde veldig lyst at me skulle få det, så då takka me fint ja og sa farvel til den snille politipensjonisten.

På Svinesund var ikkje godteributikken stengt, og plutseleg var ranslane våre fulle av surt og søtt. Parkeringsplassen var ein fin plass å utpeike oss kven neste offer for haikinga vår skulle vere. Etter eit avslag og eit par som ikkje skulle til Noreg, fann me eit hyggeleg ektepar som skulle til Asker. Eigentleg skulle dei ta ein undersjøisk tunell sånn at dei ikkje skulle gjennom Oslo, men etter å ha prata med dei ei stund verka det som om det blei ivrige på å hjelpe oss, og ville derfor køyre gjennom Oslo sånn at me kunne gå av i Sandvika.

I Sandvika stilte me oss i ei roleg rundkøyring der farten på bilane ikkje var så stor. Etter berre ei lita stund stoppa det ein bil som kvelte motoren medan han sto der. ”Skal du gjennom tunellen?” spurte MJ. Det skulle han, men ikkje lenger enn det. Vips sto me på andre sida av tunellen på ein plass der fartsgrensa var altfor stor til at nokon hadde lyst til å stoppe. Mørkt var det byrja å bli også. Refleksvesten kom fram og me var forberedte på å stå lenge i kulda då situasjonen verka ganske håplaus. Heldigvis fins det rånarar over alt. Eller om det var så heldig likevel kan vel diskuterast. Hvertfall hadde ein rånebil køyrd forbi oss og vorte veldig nysgjerrig på kva me dreiv med. Dei råna seg inn på plassen me sto på, med spraymalte sota rute i baksetet og musikken på full guffe. Dei var veldig villige til å køyre oss til neste bensinstasjon, og vips kunne MJ kryssa av rånebil på lista over bilar ho ville prøve å haike med.

Rånarane køyrde oss til neste bensinstasjon, men det me ikkje visste var at neste bensinstasjon ikkje låg ved hovudvegen. Dermed fekk me oss ein liten tusletur igjen for å komme oss tilbake til E16. Vel tilbake stilte me oss med ei ny rundkøyring der trafikken var relativt roleg. Med skilt der det sto ”Retning Bergen?” og tommelen i vêret sto me igjen og håpa på å komme inn i ein varm bil snart. Ein trailer kom køyrande, og me håpa inderleg den skulle stoppe. Det gjorde den ikkje. Plutseleg kom den tilbake, og byrja og rygge og styre på for at me kunne få komme på. Litt småskeptiske blei me når traileren orka så masse stress berre for å ta oss på, men når døra opna seg og me såg det var to unge gutar som sat der, tok me det med slåande ro.

Gutane var to hyggelege karar frå Hønefoss, og dermed kom me oss eit stykke til på vegen. Dei slapp oss av på ein bensinstasjon litt før Hønefoss sentrum sånn at sjansen for å få haik skulle vere større. Det var blitt for mørkt til at me kunne stå oppe i vegen lenger, så me prøvde lykka på bensinstasjonen. Lykka var ikkje heilt å finne der, hvertfall verka det ikkje sånn etter å ha stått der i tretti minutt og det nesten ikkje var nokon kundar der. Medan me sto der med skilta våre kom det to karar som såg skrekkeleg skumle ut, takk og lov for at dei ikkje skulle til Bergen seier berre eg.

Det byrja å sjå lite lyst ut for haikinga våre, og me byrja å tenke på om me kanskje måtte overnatte i Hønefoss. Plutseleg kom det gåande ein mann inn som me overfalt med spørsmål om han skulle til Bergen. Nei, det skulle han ikkje, men han skulle til Geilo. Flotters, dermed var haik for nokre timar i boks. Mannen var kjempekoseleg og me prata mykje. På Gol bestemte han seg for at eg og MJ ikkje berre kunne sitje og ete godteri; me måtte ha litt ekte mat i kroppen også. Gol imponerte ikkje akkurat med utvalet sitt, kebaben stengte så tidleg som klokka ti. Dermed blei det pølse på bensinstasjonen på oss, spandert av den snille sjåføren vår.

Enda snillare viste han seg å vere. Klokka var omtrent 23.00 då me kom fram til Geilo; stoppestaden hans. Men han klarte ikkje å setje oss av i kulda så seint på kvelden, så han bestemte seg for å køyre oss over fjellet til Aurland. Me prøvde å motsei han, og at me godt kunne gå av i Geilo og ordna oss skyss vidare sjølv, men han insisterte. Turen over fjellet var lang og trøytande, og me beundrar sjåføren for å yte så mykje for å hjelpe oss. Omtrent to timar seinare var me framme i Aurland og måtte seie farvel til den fantastisk snille mannen.

På Aurland var det ikkje så mykje liv akkurat, men det var vel ikkje anna enn forventa sidan klokka var 01.00 på ein laurdagskveld i Ingenmannsland. Likevel putta me ein hanske på tommelen vår og stilte oss opp for å prøve lykka. På ein og ein halv time var det kanskje tre eller fire bilar som køyrde i den retninga me skulle, og ingen av dei ville stoppe for to stakkarslege, kalde haikarar. Tida dreiv av garde medan me sprang rundt rundkøyringa, demonstrerte aerobic, klappa hestar ,tissa i rundkøyringa(Mj) og visualiserte at me hoppa paradis. Noko som førte til mykje latter sidan me ikkje vart einige om me traff streken eller ikkje. Me hadde hvertfall meir å gjere på enn ein stakkarsleg rånar som køyrde forbi oss og rundt rundkøyringa minst 11 forskjellige gongar før han stilte seg på bensinstasjonen og såg på oss.

Etter to timar i kulda kom det ein dunkande varebil køyrande. I den sat postbudet til Aftenposten som var ute for å køyre ruta si. Han skulle til Bergen, og vips var MJ og Betti blitt avisbud. Me leverte avisa på bensinstasjonar på Voss,Dale og Åsane før me endeleg var framme i Sandviken etter ein lang tur. Me hadde avtalt at om me kom oss heim før klokka seks om morgonen skulle me gå ut og leggje oss i soveposane våre, sidan det var å sove ut som var planen. Men klokka var blitt så mykje som 05.30 når me kom heim, og den blei 06.00 før me kom oss i seng, så då blei det ikkje noko av det. MEN, me har hatt ein fantastisk tur! TAKK til alle hjelparane våre langs vegen. Nordmenn er absolutt ikkje så kalde som me skal ha det til. TAKK! Minne for livet.

Friday, July 23, 2010

.

Eg er lei av ferie.

Sunday, July 18, 2010

Life is wonderful


Eg likar livet.